tirsdag 10. april 2012

Fargeklatter.....

Leita fram litt restetråd for ei tid tilbake
 og tenkte eg skulle nytte den til noko nyttig.


Resultatet vart strikka kjøkkenkluter.


Har ei tante som påstår at
 ho får ikkje bedre kluter enn dei ho strikker sjøl.


Eg har ikkje prøvd dei sjøl ennå :-)


Ein grei avkoblings aktivitet dette.
Og kluter som frisker opp i kvardagen.




tirsdag 3. april 2012

Påske

Påskeferien er i gang....
Snøen laver ned, så det vart rett påskestemning:-)


Det har ikkje blitt pynta så mykje til påske her i huset.
Er dessverre ikkje så glad i det gule,
men nokre påskeliljer har fått kome i hus.


Ungane har undra seg litt over om ikkje det blir påskeegg på dei i år.
I kveld har eg klargjort dei:-)
Hugsa godt kor kjekt det var å få eit egg med snop, i min barndom.
Og ja, det holdt stort sett heile påska:-)


Ynskjer dykk alle ei riktig god påske!