søndag 22. januar 2012

Strikk....

Like før jul leita eg fram igjen strikkepinnane mine.
Dei kom godt med når orkanen stakk av med straumen, kjekt å ha noko å gjere når ein ikkje kunne sjå tv eller surfe på nettet.


Det er også ganske avslappende å strikke.
For ikkje å snakke om eit konstruktivt hjelpemiddel mot å la vere å sovne i stolen/sofaen på kvelden ;-))


Då gjenstår det å sjå om eg kan glede eit par jenter med nye luer.


Ville gjere litt meir ut av luene så eg hekla roser og festa nokre perler i midten.


 Flott vintervèr i dag.
Så det vart ein liten langrennstur med barna i dag.

Ha ein fortsatt fin søndag.






lørdag 14. januar 2012

Prosjekt tavle

Har i lengre tid hatt planer om å lage meg ei tavle til å ha på kjøkkenet.
 Og no er endelig prosjektet gjennomført :-)
Tavlemalinga kjøpte eg for leeeenge sia på Biltema og den har stått å ropt på meg i buda.


Fredag svinga eg omsider nedom Byggmix for å kjøpe meg ei finerplate.
"Eg vil ha ei på denne størrelsen," sa eg og peikte på ei plate som stod oppetter ein reol.
"Den kan du berre ta for dette er embalasje".
Sunnmøring som eg er,så tok eg plata i hånda og kjørte glad og fornøyd heim.

Å ja, eg saga inne i gangen.
Men no er der reint og fint igjen, all sagemask er borte vekk.


Eg hadde tenkt å bruke rekved til å ramme inn tavla med, men min mann hadde ei stor-opprydding i haust rundt huset, så eg lykkest ikkje heilt med den planen.
Har dermed brukt dørlister som eg fann i garasja vår.


Dei vart no ikkje så aller værst hjørna på ramma, godt at mannen er på sjøen, han hadde nok ikkje vore fornøyd med resultatet.
 Men pytt sann.
Og etter bilda og dømme er teppet i kjellarstua moden for utskiftning, i allefall rensing.


Tavla er komt på veggen.
Hmm, kanskje den skulle ha vore større...??


Då gjenstår det å sjå kva den blir brukt til.
Døtra mi lurte på om middagsmenyen kom til å stå der....
 Ja vi får sjå.


Ynskjer dykk alle som titter innom
ei riktig god helg!!!




torsdag 12. januar 2012

Ny utforming.......

Følte for å gjere litt endringer av utforminga på bloggen min.
Er ikkje heilt fornøgd ennå,
så det blir vel litt prøving og feiling framover.


Jula er så og seie rydda ut her i huset.


Men det gjenstår litt på kjøkkenet.


Det var litt vemodig å kasta ut juletreet vårt i år.
Synes vi var veldig heldige med det.
Det var veldig billig til å vere edelgran,
tett og fint var det,
og ikkje drysset det.


Tru det eller ei, så har eg ikkje bilde av treet :-(


 Måneskinnsbildet samsvarer dessverre ikkje med verèt i dag.
For ute er det skikkelig ruskevèr,
vind og haglebyger.




søndag 1. januar 2012

Godt nytt år!!

Har blitt lite blogging i det siste.
Har ikkje hatt heilt ånda....
Ynskjer dermed høve til å ynskje dykk alle eit
Godt nytt år!

(bildet er tatt med Iphone, ikkje beste kvalitet)

I morgon fyller guten min 5 år.
Vi inviterte dermed familien på Kalkun i dag.
Bordet er dermed pynta med Lynet Mcqueen servietter.


Ha ein fin kveld,
snart er det kvardag igjen og jobben kaller :-)