mandag 25. juni 2012

Jonsok og bryllaup

Jonsokafta var mor og far i huset i bryllaup.
Det vart dermed ikkje noko jonsokfeiring på familia.


Barna sette kursen mot Lillehammer med bobilen i lag med bestemor og bestefar.
Har nokre tantebarn som deltok på Veidekkelekene,(friidrettsstemne).



Så medan barna fekk full merksemd av besteforeldra,
kosa vi oss i bryllaup, der vi blant anna fekk servert ein fantastisk tre-retters middag frå NESJE- mat med hjerte.



Søndag kveld fekk vi heim igjen to hoppandes glade barn etter ei helg på bobiltur.

 (Barna har vokse litt sidan desse bilda vart tatt)

Tusen takk for at du ser innom meg og til dere som legg igjen nokre ord.
 Veldig kjekt.







1 kommentar:

  1. Nydelege bilder !
    Takk for dei gode kommentarane hos meg :)
    Forstår godt borna hadde det kjekt på Lillehammer, fantastisk flink syskenbarngut !

    Sommarklem frå Tuå.

    SvarSlett