tirsdag 3. april 2012

Påske

Påskeferien er i gang....
Snøen laver ned, så det vart rett påskestemning:-)


Det har ikkje blitt pynta så mykje til påske her i huset.
Er dessverre ikkje så glad i det gule,
men nokre påskeliljer har fått kome i hus.


Ungane har undra seg litt over om ikkje det blir påskeegg på dei i år.
I kveld har eg klargjort dei:-)
Hugsa godt kor kjekt det var å få eit egg med snop, i min barndom.
Og ja, det holdt stort sett heile påska:-)


Ynskjer dykk alle ei riktig god påske!


1 kommentar:

  1. Hei, takk for koseleg helsing hos meg :)
    Her på hytta har me det fint, akkurat komne inn etter ein fin skitur i sol.
    No starta det å fjautre litt ;)

    Kanskje me møtast i løypa neste påske ??

    God påske til dokke !

    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett