søndag 30. oktober 2011

Kjole sydd av lingardin

Har ein del stoff og diverse liggandes
 som eg har tenkt å skape noko av ved hjelp av symaskina som eg fekk i julegåve med min mann for maaaaange år sia.....


Denne kjolen er sydd av ei gardinhøgd kjøpt på KId for ei tid tilbake.
 Planen var at eg skulle bruke den til å sy jukse-liftgardin til kjellerstova.


Etter kjøpet var ikkje motivasjonen tilstede, og i mellomtida kom eg over nokre ferdig sydde liftgardiner som eg likte godt til kjellerstova.


Og i dag tok eg saksa i hånda og plugga i kontakta på symaskina og sette i gang med å omskape gardinhøgda til ein fin linkjole:-)


Lin er ikkje akkurat det mest praktiske stoffet til barn då det blir lett bretter og knørva seg,
 men pytt sann....


Bildet på brystkassa er eit strykemerke som eg har sydd blonder rundt.
 Kor praktisk det er i forhold til vask gjenstår å sjå,
 men det skal tåle 30 grader i allefall.

Ein svært nøgd 8-åring!!!!

Og kven veit, kanskje blir det fleire kreasjoner;-))

fredag 21. oktober 2011

Sinkhus på tilbud....

Var ein snartur innom Kid i dag.


Inne i butikken
 kom eg over desse to sinkhusa som var på tilbud.


To hus til 80 kr. er ikkje kvardagskost.
Så eg klarte ikkje å la vere å kjøpe dei ;-)


Eg tok rett og slett å fyrde i ovnen i dag.


 Det blåser godt ute no.
Skikkelig Sunnmørsvèr.


Ynskjer dykk alle
ei riktig god helg!!!!



fredag 7. oktober 2011

Kjøkken

Nok ein storm- og regnfull dag.
Ikkje så mykje som fristar til utomhus arbeid akkurat ;-)


Vi nytta dermed dagen til å kose oss inne
 med å bake bollar og kanelsnurra. Nam, nam.....


No har eg endelig fått montert opp mi etterlengta tallerkenhylle :-)
Fekk storesystra mi til å kjøpe den då dei var på IKEA,
 heldigvis var dei ikkje utsolgt denne gangen.


Har fylt den med litt stæsj,
 men kjem nok til å endre litt etterkvart.


Eit anna Ikea produkt som eg er veldig glad i er denne trappestigen.
Fantastik å ha med unga i hus, som kjem seg opp i skapa og henter det dei vil.
 Og veldig praktisk når dei vil hjelpe til på kjøkkenet :-))

Snart er det tid for tilbereding av taco, og kven veit, kanskje vil trappestigen og jenta stå klar ved kjøkkenbenken ;-)


Ynskjer dykk alle ein god fredagskveld!!