mandag 26. september 2011

Soverom

Har lenge tenkt eg skulle friske opp litt på soverommet.
Så då tok eg rett og slett å hoppa i det medan eg var gressenke:-)


Tidligare var det ingen ting på denne veggen over sengegavlen,
 kun nokre tegninger frå ungane.


Kjøpte ei bildehylle på Ikea og ein ny wallsticker hos "Fryd" i Stryn.



Mangler nattbordlamper, for dei vi hadde har blitt flytta ned i kjellerstova. Hadde sett meg ut nokre nye på Ikea, men dei var sjølsagt utsolgt. Har ikkje alltid hellet med meg der eg ;-)


Vart ganske fornøyd med utbedringa, sjøl om eg mangler nattbordlamper.

Ynskjer dykk alle ei god og innhaldsrik ny veke.

lørdag 17. september 2011

Solrik dag

I dag våkna eg til strålande solskin og alt låg til rette for ein flott og innhaldsrik dag.


Fyrst på programmet var det miniturnering for mange fotballglade jenter.
 Vel heime igjen gjekk turen rett ut på vår nye terasse for å nyte sola og dagens avis :-)



Sjøl om sommaren ikkje har vore noko å skryte av i år, var det veldig gledelig å sjå at det fortsatt blomstrer i hagen ved terassen.


Det vart også tid til ein sykkeltur med barna.
I morgon hår vi ein plan om å ta oss ein fjelltur, gjerne i strålande solskin som i dag :-)



fredag 16. september 2011

Det er ei stund sia sist innlegg og eg vil nytte høve
til å takke for koselige ord på tidligare innlegg.


Forrige helg var eg på personaltur til Stryn og vi overnatta på hytter.
Nokre av oss setje vekkjarklokka på 06.00 laurdagsmorgon.
Kl. 7.45 var vi klare til å legge i veg for å bestige 
 Skåla 1848 m.o.h.


Som dykk ser var værgudane med oss denne dagen.
Eit fantastisk vèr og flott utsikt.


Store deler av turen vandra vi i steinur og steintrapper.
Då vi nærma oss toppen møtte vi på litt snø.

Ynskjer dykk alle ei god helg.
I morgon er det fotballturnering for 8-åringen i huset.

søndag 4. september 2011

Haustblomster

Ein lyt vel berre innsjå at hausten er like om hjørnet.
For ikkje så lenge sia kjøpte eg meg nye blomster utanfor gangdøra.


Men problemet er at inngangspartiet er inne i carporten.
Det er dermed dårlig med sol og dagslys, så det er ikkje alle planter som trives her. 


Var innom "Mestergrønn" her ein dag og nytta dermed høve til å kjøpe litt nye haustplanter :-)

Dei visna og øydelagde sommarblomane vart fjerna og nye planter for ein hundrelapp kom til.


Håper dykk alle har hatt ei god helg.