mandag 29. august 2011

Hekla gardinkappe

Var lenge uten gardiner på det nye kjøkkenet.
Hadde fyrst tenkt å ikkje ha noko gardin, men så kom eg til å tenke på at det kanskje ville vere fint med ei hekla gardin.


Eg bestemte meg for at eg ville hekle ei kappe sjøl.
Så eg var og kjøpte tråd og starta med friskt mot.
Då mi kjære mor var innom ein dag og fekk sjå mitt påbegynt prosjekt, kunne ho fortelje at ho hadde ei kappe liggandes heime.


Så brått ein dag kom ho eins ærend med ei nyvaska og ferdig stiva gardinkappe.
Klar til å henge opp :-))
Er eg ikkje heldig....?


Mitt hekleprosjekt vart dermed lagt på is, men kva gjer vel det når eg har fått ei ferdig kappe av mamma :-))



søndag 21. august 2011

Bursdagsfeiring

For min del har søndagen gått med til førebuing av selskap
 for jenta vår som fyller 8 år i dag.
Hipp hurra :-)


Mannen i huset har snikra litt og laga ferdig ein platting/terasse på baksida av huset.
Har vel ikkje akkurat holde kviledagen heilag........


Desse to vasane var faktisk noko av det eg kjøpte på Ikea tidligare i veka. Syns dei var veldig søte, så eg kjøpte dermed to ulike størrelser.

Ynskjer dykk alle ei god ny veke.



onsdag 17. august 2011

Tallerkenhylle

Då er eg vel heime etter ein tur til Nordland.
På veg heim vart det ein tur innom IKEA i Trondheim.
Hadde litt småting som eg hadde lyst på.
Bildet er lånt frå nettsida til IKEA.
Blant anna denne tallerkenhylla.
Noterte flittig ned nummeret på reolen og plassen.
Men tru det eller ei, så var det heilt TOMT for denne varen i hylla.
Må sei eg vart litt skuffa.....skikkelig kjedelig når eg hadde funne noko eg likte og eg kunne sjå den for meg heime på kjøkkenveggen.


Planen er å ha ei hylle mellom dei to vindua.
Men,men, eg fekk no kjøpt litt likevel.
Det får dykk sjå ein annan dag.





onsdag 10. august 2011

Wallstickers

Som tidligare nevnt er eg blitt veldig glad i wallstickers.
Og synes at dette er ein veldig god leveregel.


Egentlig skulle eg ha vore langt på veg til Nesna i Nordland i kveld for å tilbringe mi fjerde ferieveke.
Men då eg har ein mann som jobbar på sjøen og ikkje kjem seg heim pga. ugunstige landingsforhold for helikopter, sit eg fortsatt heime i sofaen min.


Så då gjenstår det å sjå om han kjem seg heim,
 og om det blir nordlandstur på oss.
Hadde jo ein plan om å kome tilbake til skulestart 18. august.
 Å køyre 90 mil er jo ikkje gjort i ein fei.


så eg får nok berre gjere som det står på veggen i stua mi
drøym om morgondagen.


mandag 8. august 2011

Bloggnavn

Det skal ikkje vere enkelt.
Mulig dykk trur det har "rabla" for meg, men ja eg har på nytt endra navnet på bloggen min.


Som tidligare nevnt søkte eg om å bli medlem av "NIB"
Dei likte bloggen min, men meinte at bloggnavnet kunne vere missvisandes.



Og det kom ikkje akkurat som noko overraskelse.
Var ganske forberedt på at spørsmålet
 om å endre navnet ville kome opp.


Må no berre innrømme at eg ikkje har vore så oppfinnsom, då andre har kome meg i forvegen ang. bloggnavn.
Tomta vår heiter Bergheim derav bloggnavnet:
"Huset på Bergheim"


søndag 7. august 2011

Nytt bloggnavn

Sjøl om eg er ganske ny som bloggger har eg bestemt meg for å søke om medlemskap i
"Norske Interiørblogger" (NIB).


Om ein ynskjer å bli med i det store interiørfellesskapet stiller dei nokre krav.
Blant anna må ein ha eit unikt bloggnavn.
Har ein eit navn som ein etablert blogger bruker, må ein bytte navn.



For at bloggnavn og url-adresse skal bli lik,
vel eg å gå tilbake til mitt fyrste val av navn på bloggen min.


Det nye bloggnavnet vil dermed bli
"Mor til to"


Då gjenstår det berre å søke om medlemskap
og håpe på positivt svar.



fredag 5. august 2011

Kaffi på altanen

I dag våkna eg til sol og blå himmel.
Alt låg då tilrette for å bli ein flott sommardag.

Sola gjemte seg litt etterkvart, men kva gjer vel det når det er vindstille og varmt.
Kunne til og med nyte kaffien på altanen utan å fryse av ein
 kald nordavind :-)


I dag har eg hatt besøk av eit søskenbarn med famile.
Kjempekjekt.
Synd det blir så altfor sjeldent.


Ynskjer dykk alle ei god helg.





onsdag 3. august 2011

Gang.....

Det har i dag vore ein fin sommardag, gradestokken har synt over 20 grader og vi har også sett sola. Deilig :-)


Tenkte eg skulle vise dokke gangen min i dag.
Her eit bilde av skoskapa Hemnes kjøpt på IKEA.
Desse er eg veldig fornøyd med.


I denne kråa stod det tidligare ein stumptjener og ei korg på gulvet til huer og votter. Var ikkje heilt fornøyd og ville prøve med knagger på veggen.
Min betre halvdel var litt skeptisk då eg lufta ideen, men trur nok han vart fornøyd med resultatet.


Desse knaggane er kjøpt på "Farmors Krambod" i Ulsteinvik.
Synes dei er råflotte.
Våre to håpefulle har også fått kvar sin knagg ved inngangsdøra.


Sjøl om det no regner godt ute, så satser eg på ein ny og varm dag på jobb i morgon.