fredag 29. juli 2011

Nye blomster

Etter å ha levert minstemann i barnehagen reiste eg og skulejenta på ein handlerunde til sentrum.


Helgavasken tek vi ein annan dag ;-)
Er ikkje av dei som må ha huset vaska og strigla kvar fredag. Eg vasker sjøl om det er søndag.....Det viktigaste er at det blir vaska.
Etter ynskje frå jenta mi gjekk vi også ein tur på kafe.


Litt nye sommerblomster vart det også på mor i huset.
Har ikkje blitt så mykje av den sorten, då sommaren har glimra med sitt fråvær her på desse kanter.



No er det helg og den skal nytast før ei ny arbeidsveke venter :-)


Ynskjer dykk alle ei god helg.




torsdag 28. juli 2011

Kvar er sola og varmen

Kalendaren seier oss at det er sommar, men eg og mange andre kan vel skrive under på at sola og varmen har glimta med sitt fråvær i år. I allefall her på Sunnmøre.

Og for å ikkje snakke om årets trofaste gjest, TÅKE....
Sola har nok skint der oppe fleire dager medan vi har sittet her i tåkehavet.


Sommarstida er det flott å sitje på verandaen og sjå ut over sjøen og den yrande båttrafikken som er på flotte sommardager.
Men dette var det som møtte meg i dag då eg dro på jobb. Er ikkje kvar dag vi har sett sjøen i tåkehavet :-(


Så då gjenstår det å sjå kva morgondagen bringer.
Tåka ligg ennå i fjelltoppane, men det er lov å håpe at den er borte vekk i morgon og sola skin.


Ynskjer dykk alle ein fin sommarkveld :-)



tirsdag 26. juli 2011

Utviding av gang og ny trapp

Etter å ha fullført påbygging av huset som også involverte flytting av kjøkkenet, større stue og ny inngang i underetg.  Klarte vi ikkje¨å slå oss til ro før vi hadde fått utbetra gangen oppe og nede ved den "gamle" kjellartrappa .At vi hadde budt på ein byggjeplass i 6mnd. og to mnd. utan kjøkken og stue, let oss ikkje stoppe i å starte eit ny prosjekt .Det var like greit å berre fortsette..... Men no hadde vi ikkje ulike håndverkarar overalt i huset, hadde ikkje akkurat så masse privatliv i den værste byggeperioden nei :-)


Som dykk ser har vi satt inn ei ganske lita trapp, men i og med dette ikkje er hovudtrappa i huset går dette heilt fint og den binder i hop soveromsfløya i hovudetg. og underetg. Er ikkje alle som har to trapper ned til kjelleren ;-)



Eg har etterkvart blitt veldig glad i wallstickers og har fleira av dei i huset.



Hjerter i ulike varianter.




Takk for no, håper å kome tilbake seinare og gjerne med noko som kan vere til inspirasjon for andre, men har som sagt mykje igjen å lære i denne bloggverden :-)


Trappa er fjerna og trappehullet er i ferd med å bli bygd igjen. Veggen til høgre er fjernet og kommoden står mot veggen til venstre i bildet.





lørdag 23. juli 2011

Litt prøving og feiling

Ser eg har ein del å lære, men det går seg nok til. Tenkte eg skulle prøve lage eit innlegg med bilder, men ser eg har klart å posta eit innlegg uten tekst, kun eit bilde. så eg prøver på nytt.

Beklager dårlig bilde.
Her er eit bildet av eit oppussingsprosjekt.
Gangen er no ferdig så bilder av det ferdige prosjektet kjem. Berre eg no får dette til ;-)

Den gamle kjellartrappa er blitt fjerna og ein vegg er blitt revet ned.
Deler av det gamle trappeholet er blittt bygd igjen.
Med ein "hobbysnikkar" til mann går det meste :-)
Kjempenøgd med det ferdige resultatet <3


Ein liten del av gangen som er blitt utvida og pusset opp.
Gjenstår maling av tak og finne den rette plassen for interiøret :-)

fredag 22. juli 2011

I startfasen

Er veldig fasinert og imponert over alle dei flotte og inspirerandes bloggane. Har no bestemt meg for å prøve sjøl. Blogging er heilt nytt for meg, men håper eg lærer etter kvart :-)