søndag 6. november 2011

Ikkje heilt etter planen....

Fyrst vil eg takke alle som er innom bloggen min
 og for gode ord på innlegga, det varma.
Tusen,tusen takk!!!


Eg hadde etter planen tenkt å starte på eit lite prosjekt i helga,
 men det lyt eg ta igjen ein annan dag.
Fekk kraftig øyebetennelse og måtte ta turen til legevakta to ganger i helga.
Var litt lang i mask legen som møtte meg i døra.... 
Måtte få mannen min til å køyre meg då synet til tider var minimalt....følte meg ikkje heilt komfortabel med å kjøre bil.


Sola har skine i dag, eit flott haustvèr.
 Eg kunne nok heller ha tenkt meg ein tur ut i naturen i lag med familien,
 men slik vart det ikkje i dag.

Får heller glede meg over seieren til Aafk i cupfinala i dag!!


Ynskjer dykk alle ein fortsatt fin søndag.




1 kommentar:

  1. God morgen !

    Håpe du er betre i augene :)

    Ha ei fin veke !

    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett