søndag 27. november 2011

Advent......

Det er i dag 1.søndag i advent.
Så eg har dermed gjort om lysfatet mitt til ein adventstake :-)


Jenta mi lurte på kvifor eg ikkje brukar lilla lys...
Det er vel kanskje det som er den "rette" adventfargen.


I fjor var fyrste året eg brukte kvite lys.
Synes kvitt er mykje finare i lag med det raude
 som også høyrer jula til...og då kan staken stå heile jula :-))



Litt lilla har det blitt likevel...
Men etterkvart som jula nærmar seg,
vil løparen bli bytta ut med noko raudt...


Har også pynta salongbordet med svibler,
kongler, mose og eit hjerte av stein.


Kjekt med litt utskiftning :-)


Julestjerna har vi også fått opp i dag.
Må nok finne ein midlertidig plass til lampen i vinduet.


Ynskjer dykk alle ei fin adventstid.



2 kommentarer:

  1. Så fint du har pynta!
    Det gjør seg sånn med en stor stjerne!
    Har så lyst på men hadde ikke hjerte til å skifte ut de jeg hadde, som har fulgt meg i alle år, må holde på noen tradisjoner.
    Klem Linn

    SvarSlett
  2. Koseleg !!
    du har så fine bilder.
    Ha ei fin adventstid.

    Og så fint bilde på toppen. Eg slit med å få til ny header, men det kjem vel etterkvart..

    klem Anne-Mari

    SvarSlett