søndag 30. oktober 2011

Kjole sydd av lingardin

Har ein del stoff og diverse liggandes
 som eg har tenkt å skape noko av ved hjelp av symaskina som eg fekk i julegåve med min mann for maaaaange år sia.....


Denne kjolen er sydd av ei gardinhøgd kjøpt på KId for ei tid tilbake.
 Planen var at eg skulle bruke den til å sy jukse-liftgardin til kjellerstova.


Etter kjøpet var ikkje motivasjonen tilstede, og i mellomtida kom eg over nokre ferdig sydde liftgardiner som eg likte godt til kjellerstova.


Og i dag tok eg saksa i hånda og plugga i kontakta på symaskina og sette i gang med å omskape gardinhøgda til ein fin linkjole:-)


Lin er ikkje akkurat det mest praktiske stoffet til barn då det blir lett bretter og knørva seg,
 men pytt sann....


Bildet på brystkassa er eit strykemerke som eg har sydd blonder rundt.
 Kor praktisk det er i forhold til vask gjenstår å sjå,
 men det skal tåle 30 grader i allefall.

Ein svært nøgd 8-åring!!!!

Og kven veit, kanskje blir det fleire kreasjoner;-))

3 kommentarer:

  1. Kor flink du er Gry :)

    Nydeleg jente i flott kjole. Lik både mor og far dinna dama.

    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  2. Oioioi, den kjolen likte eg, heilt min smak♡
    So fine jenta, og ser veldig glad ut for kjolen iallefall!! Passa perfekt!

    Klem Anita

    SvarSlett
  3. Tusen takk for fin komentar hos meg. Gler meg til eg kan nyte laaange og laaate dager på den stoooore altanen min :)
    Så fin kjole du har sydd da! Ser ut til at den har fått en stolt eiger også!

    Annette :)

    SvarSlett