onsdag 3. august 2011

Gang.....

Det har i dag vore ein fin sommardag, gradestokken har synt over 20 grader og vi har også sett sola. Deilig :-)


Tenkte eg skulle vise dokke gangen min i dag.
Her eit bilde av skoskapa Hemnes kjøpt på IKEA.
Desse er eg veldig fornøyd med.


I denne kråa stod det tidligare ein stumptjener og ei korg på gulvet til huer og votter. Var ikkje heilt fornøyd og ville prøve med knagger på veggen.
Min betre halvdel var litt skeptisk då eg lufta ideen, men trur nok han vart fornøyd med resultatet.


Desse knaggane er kjøpt på "Farmors Krambod" i Ulsteinvik.
Synes dei er råflotte.
Våre to håpefulle har også fått kvar sin knagg ved inngangsdøra.


Sjøl om det no regner godt ute, så satser eg på ein ny og varm dag på jobb i morgon.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar