søndag 27. november 2011

Advent......

Det er i dag 1.søndag i advent.
Så eg har dermed gjort om lysfatet mitt til ein adventstake :-)


Jenta mi lurte på kvifor eg ikkje brukar lilla lys...
Det er vel kanskje det som er den "rette" adventfargen.


I fjor var fyrste året eg brukte kvite lys.
Synes kvitt er mykje finare i lag med det raude
 som også høyrer jula til...og då kan staken stå heile jula :-))



Litt lilla har det blitt likevel...
Men etterkvart som jula nærmar seg,
vil løparen bli bytta ut med noko raudt...


Har også pynta salongbordet med svibler,
kongler, mose og eit hjerte av stein.


Kjekt med litt utskiftning :-)


Julestjerna har vi også fått opp i dag.
Må nok finne ein midlertidig plass til lampen i vinduet.


Ynskjer dykk alle ei fin adventstid.



tirsdag 15. november 2011

Ein ny kjole......

Då har eg sydd ein ny kjole
 av eit stoff som eg hadde liggandes.


Den største utfordringa var å bli einige med 8-åringen
 om korleis vi skulle dekorere kjolen :-))


Ho fekk lov til å plukke fritt i mammas utvalg
 og ville ha på litt av kvart.
Litt for mykje etter mora sin smak....;-)))


Så etter litt forhandling vart dette sluttresultatet.


Trur det må vere alle dei kreative kollegane mine som har fått meg til å leite fram symaskina igjen.
 Til stor undring frå min betre halvdel...... ka du styre med..??


Mykje eg har lyst til å lage,
 men av og til er godstolen altfor god :-))

lørdag 12. november 2011

Helg.....

Synes det er kjekt og pynte med blomster når det er helg.
(også ellers ;-)) 
Det blir med ein gong litt meir liv i stua.


Desse kjøpte eg på Rema 1000.
Dei har rikt utvalg i blomster til ein billig penge
 og dei varer lenge også.
Hadde ein gong nokre roser ståande i 3 veker.....:-))


Fyrste del av helga har gått med til huslige syslar og rydding av eit par garasjer.
 Trengs det av og til.
Litt kakebaking til oss sjøl og til dugnad/kafesal har det også blitt.


Ynskjer dykk alle ei fortsatt fin helg!!

I morgon blir det kaffi og kaker hos mor og far
 i lag med mine søstre og familien :-)


søndag 6. november 2011

Ikkje heilt etter planen....

Fyrst vil eg takke alle som er innom bloggen min
 og for gode ord på innlegga, det varma.
Tusen,tusen takk!!!


Eg hadde etter planen tenkt å starte på eit lite prosjekt i helga,
 men det lyt eg ta igjen ein annan dag.
Fekk kraftig øyebetennelse og måtte ta turen til legevakta to ganger i helga.
Var litt lang i mask legen som møtte meg i døra.... 
Måtte få mannen min til å køyre meg då synet til tider var minimalt....følte meg ikkje heilt komfortabel med å kjøre bil.


Sola har skine i dag, eit flott haustvèr.
 Eg kunne nok heller ha tenkt meg ein tur ut i naturen i lag med familien,
 men slik vart det ikkje i dag.

Får heller glede meg over seieren til Aafk i cupfinala i dag!!


Ynskjer dykk alle ein fortsatt fin søndag.




søndag 30. oktober 2011

Kjole sydd av lingardin

Har ein del stoff og diverse liggandes
 som eg har tenkt å skape noko av ved hjelp av symaskina som eg fekk i julegåve med min mann for maaaaange år sia.....


Denne kjolen er sydd av ei gardinhøgd kjøpt på KId for ei tid tilbake.
 Planen var at eg skulle bruke den til å sy jukse-liftgardin til kjellerstova.


Etter kjøpet var ikkje motivasjonen tilstede, og i mellomtida kom eg over nokre ferdig sydde liftgardiner som eg likte godt til kjellerstova.


Og i dag tok eg saksa i hånda og plugga i kontakta på symaskina og sette i gang med å omskape gardinhøgda til ein fin linkjole:-)


Lin er ikkje akkurat det mest praktiske stoffet til barn då det blir lett bretter og knørva seg,
 men pytt sann....


Bildet på brystkassa er eit strykemerke som eg har sydd blonder rundt.
 Kor praktisk det er i forhold til vask gjenstår å sjå,
 men det skal tåle 30 grader i allefall.

Ein svært nøgd 8-åring!!!!

Og kven veit, kanskje blir det fleire kreasjoner;-))

fredag 21. oktober 2011

Sinkhus på tilbud....

Var ein snartur innom Kid i dag.


Inne i butikken
 kom eg over desse to sinkhusa som var på tilbud.


To hus til 80 kr. er ikkje kvardagskost.
Så eg klarte ikkje å la vere å kjøpe dei ;-)


Eg tok rett og slett å fyrde i ovnen i dag.


 Det blåser godt ute no.
Skikkelig Sunnmørsvèr.


Ynskjer dykk alle
ei riktig god helg!!!!



fredag 7. oktober 2011

Kjøkken

Nok ein storm- og regnfull dag.
Ikkje så mykje som fristar til utomhus arbeid akkurat ;-)


Vi nytta dermed dagen til å kose oss inne
 med å bake bollar og kanelsnurra. Nam, nam.....


No har eg endelig fått montert opp mi etterlengta tallerkenhylle :-)
Fekk storesystra mi til å kjøpe den då dei var på IKEA,
 heldigvis var dei ikkje utsolgt denne gangen.


Har fylt den med litt stæsj,
 men kjem nok til å endre litt etterkvart.


Eit anna Ikea produkt som eg er veldig glad i er denne trappestigen.
Fantastik å ha med unga i hus, som kjem seg opp i skapa og henter det dei vil.
 Og veldig praktisk når dei vil hjelpe til på kjøkkenet :-))

Snart er det tid for tilbereding av taco, og kven veit, kanskje vil trappestigen og jenta stå klar ved kjøkkenbenken ;-)


Ynskjer dykk alle ein god fredagskveld!!


mandag 26. september 2011

Soverom

Har lenge tenkt eg skulle friske opp litt på soverommet.
Så då tok eg rett og slett å hoppa i det medan eg var gressenke:-)


Tidligare var det ingen ting på denne veggen over sengegavlen,
 kun nokre tegninger frå ungane.


Kjøpte ei bildehylle på Ikea og ein ny wallsticker hos "Fryd" i Stryn.



Mangler nattbordlamper, for dei vi hadde har blitt flytta ned i kjellerstova. Hadde sett meg ut nokre nye på Ikea, men dei var sjølsagt utsolgt. Har ikkje alltid hellet med meg der eg ;-)


Vart ganske fornøyd med utbedringa, sjøl om eg mangler nattbordlamper.

Ynskjer dykk alle ei god og innhaldsrik ny veke.